Dei sju kommunane i Sogn regionråd stiller med heile 60 deltakarar når regionrådet gjennomfører leiarutdanning á 30 studiepoeng for barnehagesektoren. I tillegg til studentane frå kull 1 og 2, deltok om lag 30 førskulelærarar frå kommunale og private barnehagar på førelesinga med Kjell-Åge Gotvassli. 25 førskulelærarstudentar frå Høgskulen i Sogndal var også med på denne fagdagen. Dei skal snart ut i praksis i heile regionen, og til våren er dei klare for arbeidslivet. ”Velkomen skal de vere, og vi vonar at de søkjer jobb hos oss!”, sa regionrådsleiar, ordførar i Luster Torodd Urnes, i si opning av dagen.
Truleg aldri før har så mange førskulelærarar vore samla i Sogn. Regionrådsleiar Urnes var tydeleg stolt over det engasjementet vi ser i delprosjektet ”Sats på barnehagen – snu Sogn”. Tove Rygg, direktør ved NAV Arbeidslivssenter Sogn og Fjordane, la stor vekt på partnarskapsavtalen mellom NAV, Utdanningsforbundet, Høgskulen i Sogn og Fjordane og regionrådet. ”Dette er ein heilt unik og banebrytande måte å arbeide på. Saman skapar vi betre læringsmiljø og eit betre arbeidsmiljø i barnehagane i Sogn”, sa Rygg.
Styrarane i barnehagane har utvikla seg til å bli blant dei beste leiarane i Noreg. Dei store orda tilhøyrer Kjell-Åge Gotvassli. Han er førsteamanuensis ved Høgskulen i Nord-Trøndelag, og har doktorgrad innan leiing i barnehagane. Kunnskap er ein prosess, og prosessen må leiast, sa Gotvassli. Styrarane må utvikle rollane sine som kulturelle arkitektar, og dei må styrke samhandlinga med omverda – for barnehagesektoren er i veldig stor endring.