Planen er utarbeidd av Visit Sognefjord på oppdrag frå Sognarådet. Planarbeidet er gjennomført i samsvar med rettleiaren til Innovasjon Norge og prosessen har fulgt tre steg: forstudie, strategiutvikling og handlingsprogram. Analysearbeidet starta i 2017 og ferdig plan vart vedteken i 2021. Kvalifisering for Innovasjon Norge sitt destinasjonsmerke for berekraftig reisemål har vore ein integrert del av masterplanarbeidet.
Sognarådet er prosjekteigar og har vore med å finansiera masterplanarbeidet frå starten. Prosjektet har endt opp med ein handlingsplan for ei samla utvikling av reiselivsnæringa for Sogn mot 2030.
Innovasjon Norge har hausten 2023 godkjent Sognefjorden som berekraftig reisemål.