System for styrka læring er kommunane i Sogn regionråd sitt program for barnehage- og skuleutvikling 2013-2021
Måndag 4. juni i Sogndal presenterte Trond Buland hovudfunn, utfordringar og tilrådingar for kommunane og samarbeidspartar.
Konklusjonen er at System for styrka læring er på rett veg til å nå hovudmålet i programmet som er auka læringsutbytte for alle, gjennom styrka tilpassa opplæring og redusert bruk av spesialundervisning. Både barnehagar og skular er heilt klart på veg mot å realisera ambisjonen om å bli lærande organisasjonar, og dermed medverka til auka kvalitet på arbeidet innanfor heile oppvekstsektoren. Det er noko forskjellar i graden måloppnåing så langt. Det er ikkje behov for radikale nye grep i programmet, men det er behov for justering av kursen. I presentasjonen peiker Buland på utfordringar og vilkår for suksess i utviklingsarbeidet.