Føremålet med prosjektet er å få eit einsarta vegadressesystem som samsvarer med nasjonale mål. Resultatet skal verta eit offisielt adresseregister som alle offentlege og private etatar skal bruka. Samla sett manglar regionen omlag 8600 adresser. Matrikkeladresser (gårds- og bruksnummer) vil bli tildelt vegadresser (vegnamn og husnummer). Særleg uttrykkingskøyretøy er avhengig av vegadresser for å finna fram. Kartverket sitt strategidokument "Strategi 2010-2015" seier at vegadresser skal vera på plass over heile landet innan 2015.
Prosjektperioden er forlenga utover den planlagde treårsperioden. Prosjektet omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Luster, Sogndal, Vik og Årdal. For Balestrand og Leikanger var vegadressene på plass før prosjektet.
Sogn regionråd fekk kr 275 000 i skjønsmidlar frå programstyret for offentleg fornying og IKT for dei to første prosjektåra.
Prosjektleiar er Darek Hauderowicz, GIS-koordinator i Sogn regionråd.