I møtet deltok formannskapsmedlemmar, rådmenn, næringsansvarlege og eksterne aktørar, omlag 50 deltakarar. Tema for møtet var "Kva skal til for å skapa vekst og utvikling i Sogn?" og det kom mange innspel til regionalplanen. Prosessleiar var Eli-Grete Høyvik.
Forskar Lars Ueland Kobro orienterte om næringsanalysen dei har laga for Sogn og resultata frå Telemarksforsking sitt prosjekt om suksessrike distriktskommunar. Han utfordra deltakarane på å utnytte kunnskapen frå denne studien i lokale og regionale strategiar. Sjå presentasjonen.
Innspela frå arbeidsverkstaden vil gje innhald til regionalplan for Sogn regionråd 2013-2016. Arbeidsmøtet munna ut i fleire tema som deltakarane vil jobba vidare med i arbeidsgrupper.
Lars Kobro frå Telemarksforsking, prosessleiar Eli-Grete Høyvik og leiar i Sogn regionråd Noralv Distad, og bilete
frå arbeidsverkstaden.
Sogn avis publiserte ein kronikkserie før arbeidsmøtet: