Arbeidsmøte 9. januar samla nærare 40 deltakarar frå næringa, reiselivsselskapa og samarbeidspartar. Statusanalyse, funksjonar og moglege modellar for framtidig organisering av reiselivet vart presentert og diskutert. 

Deltakarane drøfta status og modellar i grupper og i plenum, og det kom mange konstruktive innspel. På bakgrunn av statusanalyse og innspela på møtet vil det bli laga ei tilråding for framtidig modell i Sogn. Tilråding til aktuell modell vil bli lagt fram for Sogn regionråd i møtet 17. februar.

Presentasjon

Les meir om forprosjektet