Hovudmålet for det regionale programmet er livsmeistring gjennom styrka tilpassa og inkluderande opplæring for alle.
Vi har fire programområde:
- Fysisk og psykisk helse
- Tidleg innsats og språkutvikling
- Kreativitet, skaparglede og entreprenørskap
- Medverknad og vurdering for læring og gjennomføring
Det er utarbeidd ein overordna programplan som er politisk handsama i medlemskommunane. Utviklingsarbeidet inneber breitt samarbeid mellom kommunane og med eksterne aktørar mellom anna med undervisnings- og forskingsmiljø.
Programmet "System for styrka læring" er overført frå Sognarådet til Sogn kommunalt oppgåvefellesskap (KO).
Programplan 2022 - 2030 vedteken av kommunane
Sjå fagnettverkssida for meir informasjon