Målet med strategiarbeidet er å få auka kunnskap om bustadmarknaden i Sogn, skapa større grad av kontakt og felles forståing om regionale bustadutfordringar og få meir variert bustadmarknad slik at bustadtilbodet i større grad samsvarer med etterspurnaden i marknaden.
Arbeidsgruppa har vore samansett av plansjefar/planleggjarar i kommunane, Sogndal kommune som programkommune for bustadsosialt arbeid, Husbanken, Distriktssenteret, fylkeskommunen og Fylkesmannen.
Rapporten peikar på fem strategiområde for bustadutvikling i Sogn:
- Aktivisera kommunane si bustadpolitiske rolle
- Auka variasjonen i bustadtilfanget
- Auke kompetansen om bustadmarknaden og verkemiddel i bustadforsyninga
- Meir målretta arealplanlegging koordinert med bygging av kommunal infrastruktur
- Meir samordna informasjon om Sogn som felles bustadarena.
Det er tiltak for kvar av dei fem strategiane. Strategiane legg opp til at kommunane tek ein tydlegare posisjon i bustadmarknaden enn før. Vidare viser rapporten til at politisk forankring og prioritering av ressursar til gjennomføring av strategiane er avgjerande for å lukkast.
Strategien vart handsama i Sogn regionråd 16.9.2016. Rådet meiner strategien er eit godt grunnlag for vidare arbeid, og oppmoda kommunane om å godkjenne strategien og delta i vidare arbeid.
Bustadstrategi for Sogn, Norconsult, 26.8.2016
Utfordringsnotat og arbeidsplan