Abeidet med å få etablert studietilbodet frå hausten 2021 i Sogn er igang. Tilsette i kommunane eller i helseforetak kan ta utdanning i kombinasjon med vanleg arbeid. Innhaldet i utdanninga er det same som på heiltidsutdanninga. Utdanninga vil bli i regi av Høgskulen på Vestlandet og går over fire år. Ein stor del av praksisen og undervisninga vil føregå i regionen.
Sognekommunane er inne i ein prosess med å informera tilsette om studiet. Krava for å kunne starte på studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse. Med studiestart hausten 2021 ligg det godt til rette for at interesserte i sognekommunane kan kvalifisera seg i høve opptakskrava. Tal studieplasser er minimum 12 og inntil 20.
Er du tilsett i ein av regionrådskommunane og ønskjer meir informasjon kan du kontakta leiaren din.