Overordna tema for samlinga var «Inkludering og utvikling».
Første dag var felles for alle, her var Ingrid M. Løkken og Hanne Jahnsen frå Læringsmiljøsenteret og snakka om temaet endringsleiing.
Dag to delte vi oss ved start av dag i to ulike grupper ; skule og barnehage.
– Skule fekk besøk av Sofie Berg Hurlen, der tema var fagfornyinga.
– Barnehage fekk besøk frå Fjell kommune der Marianne Gjerstad og Guttorm Helgøy snakka om “Landsbyen mot mobbing”.
Samlinga vart avslutta med styrarnettverk, rektornettverk og nettverk for skule- og barnehagefagleg ansvarlege.