30 utvalde elevbedrifter frå 9. klasse får presentera seg på messa. Elevane frå 8. klasse besøker bedriftene i Aurland og får sjå og læra av elevbedriftene som stiller på messa.
Foredragshaldar er Lisa Stentvedt frå Aurland, som er reisebloggar og sokalla «influencer» på fulltid.
 
Konferansierar er Nora Tangen Aarskog, Oda Nesheim og Marius Andrei Valchizan.

Dette er 11. messa som Sogn regionråd arrangerer ilag med Ungt Entreprenørskap, og Aurland kommune er vertskommune.
 
Ordførarane i regionrådet kjem.

Velkomen til ein spennande og innhaldsrik dag!