Temaet engasjerte svært mange deltakarar frå barnehagane og SFO i Høyanger og HAFS på fagdag i regi av Sogn regionråd måndag 18. november. Samlinga gjekk føre seg i samfunnshuset i Høyanger og det var psykologspesialist Anja Rogde som stod for det faglege innhaldet. Dette er eit ledd i ei kompetanseheving for alle tilsette, og det var modul 2 og 3 av i alt 5 som var prioriterte denne gongen. Gjennom forelesing og små refleksjonsøkter fekk deltakarane gjere seg godt kjende med tema for dagen og gjere seg tankar om korleis innhaldet kan nyttiggjerast i dagleg arbeid i barnehage og SFO.
Fagdag i Høyanger
«Kva fremjar psykisk helse» og «kjensler – å forstå dei og handtere dei» var tema for dagen.