Fagdagen legg opp til innleiingar og diskusjon om korleis leggja eit godt grunnlag for psykologtenesta og eit regionalt samarbeid. Blant foredragshaldarane er Anja Høye Rogde som er psykologspesialist og tilsett i Fjell kommune. Ho vil innleia om kommunal psykologteneste og gje råd til kommunane. Tore Hågård som er seksjonsleiar ved psykisk helsevern for barn og unge og Vivi Ann Abelsen som er psykiatrisk sjukepleiar og leiar for psykisk helseteam vil innleie om samhandlinga mellom kommunane og spesialisthelsetenesta.
 
Målet med dagen er å førebu kommunane til å ta imot ein ny fagprofesjon og danna grunnlag for godt fungerande tenester. Siste del av dagen blir sett av til gruppearbeid slik at kvar kommune kan starta førebuingsarbeidet.
 
Målgruppe er leiarar med ansvar for psykisk helseteneste i kommunane, fagpersonar innan psykisk helse; legeteneste, psykiatrisk sjukepleiar, helsesøster, barnevern, ruskoordinator/arbeidar, og leiarar/representantar for barnehage og skule og andre interesserte.
 
Rapporten om kommunepsykologtenesta som er utarbeidd på oppdrag av Sogn regionråd, legg vekt på at kommunane må førebu seg til å ta imot psykologar. Regionrådet har tilrådd kommunane å slutta seg å vidareføra arbeidet. Rapporten finn du under og er oversendt kommunane for handsaming.
 
Stad: Quality Hotel Sogndal
Tid: 30. april 2019 kl 9-15
Pris kr 500 pr person inkl lunsj, pausematbuffet og kaffi/te.
 
For påmelding gå til denne lenka http://pamelding.sogn.regionraad.no/Start.aspx
Påmeldingsfrist: 23. april 2019