Sogn og Fjordane har ord på seg for å vere eit av dei beste skulefylka i landet. Vi scorar godt på nasjonale prøvar, eksamen og grunnskulepoeng. Dei åtte kommunane i Sogn trekk snittet opp i fylket. Samstundes brukar vi mykje midlar på spesialundervisning i skulen. Programleiar Claus Røynesdal peikar på at dei gode resultata kan nok tyde på at vi brukar midlane mykje på rett måte, men vi har ei felles målsetjing i regionen om at færre elevar skal få vedtak om spesialundervisning. Vi må styrke ordinær undervisning slik at færrast mogleg elevar treng einskildvedtak.
Barnehage- og skuleutviklingsprogrammet ”System for styrka læring” har tre overordna mål:
- Auka tilpassa opplæring
- Styrka læringsutbytte for alle
- Redusert bruk av spesialundervisning
Kommunestyra i dei åtte kommunane indre Song har vedteke å gjennomføre ”System for styrka læring” som strategi for barnehage- og skuleutvikling i regi av Sogn regionråd for perioden 2013 – 2021. Kommunane og regionrådet har eit forpliktande samarbeid med fem eksterne utviklingsaktørar i dette programmet:
- Høgskulen i Sogn og Fjordane
- Ungt Entreprenørskap (Nasjonal stifting for samarbeid mellom skolar og arbeidslivet)
- Utdanningsforbundet
- Statped Vest (Staten si spesialpedagogiske støtteteneste til kommunane)
- KS (Kommunesektorens arbeidsgjevar- og interesseorganisasjon).
Presentasjon for lærarane i Leikanger kommune tysdag 13. august