Målet med prosjektet er å finne fram til korleis vi kan styrka tilpassa opplæring og redusere omfanget av spesialundervisning. Fem skular i regionen har vore med: Gaupne barneskule, Leikanger barneskule, Leikanger ungdomsskule, Feios skule og Flatbygdi skule.
Det er nytta tilgjengeleg analyseverktøy, og sett på organisering, planlegging og tilrettelegging av undervisninga. Statped Vest er drivarane av prosjektet, og deltek med to rådgjevarar. Dei har tre møte kvart halvår med kvar av skulane. PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) er sterkt deltakande i prosjektet. Tilbakemeldingane frå skulane som har delteke er særs positive. Prosjektet starta februar 2015 og vart avslutta våren 2017.
Utviklingsarbeidet har gitt endra praksis på skulane og gitt større rolleavklaring mellom skule, PPT og eigarane. Dei gode samarbeidsformene som er etablert vil PPT vidareføre mot alle einingane. Hospitering og bruk av erfaringsdeling i nettverka er aktuelle måtar å vidareføra arbeidet på.