Sogn regionråd har i fleire møte hausten og vinteren 2012 – 2013 handsama dokument tilhøyrande skulebruksplanen. Det har vore breie drøftingar i regionen for å finna løysing som ivaretek og støttar opp om Sogn sine behov for vidaregåande opplæring. I fråsegna vert modell for Indre Sogn fremja. Modellen ivaretek elevane sine opplæringsbehov, arbeids- og næringslivsbehov, bygger meir robuste fagmiljø og viser at Indre Sogn tek sitt ansvar for innsparingsmålet, og til skilnad frå dei framlagde modellane frå fylkeskommunen fordeler byrde på ein rimeleg måte.
Fråsegn til skulebruksplanen
Sogn regionråd har vedteke felles fråsegn til skulebruksplanen for vidaregåande opplæring