Karrieremessene i regi av Framtidsfylket er blitt ein fast møteplass mellom næringslivet og potensielle tilflyttarar. Her får bedriftene i Sogn og Fjordane vist breidden av karrieremoglegheitene for studentar og arbeidssøkjarar.
Sognekommunane var på plass med eigen stand i begge byane og ordførarar, næringssjefar og kommunale leiarar stilte på regionstanden. Standen vart godt besøkt av mange som var nysgjerrige på Sogn og som vart positivt overraska over kva som finst av karrieremoglegheiter i regionen vår. Sognekommunane søkjer etter traineear innan arealplanlegging og at vi er med på traineeordninga til Framtidsfylket er nytt i år.
Vi trekte tre vinnarar av quizen. Premiane er festivalpass til Fjellsportfestivalen i Sogndal, festivalpass til Fresn i Fresvik og weekendopphald på Kviknes Hotel i Balestrand. Vinnarane er Marius Heggøy, Kristin Raa Haugland og Mari Gulestø. Vi gratulerer og ønskjer dykk velkomne til Sogn.