Partnarskapen vart inngått for to år sidan mellom Høgskulen i Sogn og Fjordane, RKBU Vest (Regionalt kunnskapssenter for barn og unge Vest, Uni Research Helse), HEMIL-senteret (Senter for forskning om helsefremmende arbeid, miljø og livsstil, Universitetet i Bergen), Utdanningsforbundet og Sogn regionråd. Det markerte startskotet for ein felles front for arbeidet med å styrka psykisk helse for barn og unge.
Partnarskapen har gitt auka kompetanse for dei som arbeider i barnehage og skule, gode verktøy og meir tverrfagleg innsats.
Helse Førde ser svært positivt på den måten kommunane har teke ansvar og driv systematisk kvalitetsutvikling på. Dei vil bidra med kompetanse og ressursar for psykisk helsefremming for barn og unge. Fredag 11. november 2016 møttest partane for å signere ny partnarskapsavtale.
Psykisk helse er eitt av seks satsingsområde i det regionale barnehage- og skuleutviklingsprogrammet "System for styrka læring". Sogn regionråd har gode erfaringar med å drive utviklingsarbeid ilag med andre. Det handlar om å spele på lag for å oppnå felles mål, å styrke barn og unge si psykiske helse.