Straumprisutvalet si hovudoppgåve var å utgreie ulike modellar som kan bidra til meir stabile, føreseielege og konkurransedyktige prisar til hushaldningar, industri og næringsliv, samt sikrar investeringar i fornybar energi. Bakteppet var at norske og europeiske forbrukarar opplevde prissjokk i 2021-2022, og spørsmålet er om slike priseksplosjonar kan ventast i framtida.
Utvalet peiker på meir kraftutbygging som det viktigste tiltaket.
Sognarådet skriv i høyringssvaret at vi er samde med straumprisutvalet at det er nødvendig at landet har overskotsproduksjon av kraft. Sognekommunane har stor vasskraftproduksjon og har med det ofra mykje natur. Vår region har overskotskraft og har heilt unike føremoner når det gjeld regulerbar kraft. Vi har nokre naturgitte fortrinn i omstillinga mot lågutsleppssamfunnet. For at vi ikkje skal kome negativt ut er det viktig at naturgitte fortrinn ikkje vert nulla ut i ein felles europeisk energimarknad. Rapporten viser eit nasjonalt handlingsrom som bør vurderast for å sikre norske arbeidsplassar og verdiskaping. Rikeleg tilgang på fornybar kraft må framleis vere ein konkurranseføremon for norsk industri. Vasskrafta har ført til oppbygging av ein omfattande kraftkrevjande industri. Ei vidareføring og styrking av denne industrien har ikkje berre ein eigenverdi, men er også viktig del av norsk distriktspolitikk.
Heile høyringssvaret som arbeidsutvalet vedtok den 15. desember kan du lese her