1 Val og samansetnad
Sogn regionråd vel arbeidsgrupper blant medlemmane i rådet. Leiar av arbeidsgruppa kan bli vald av regionrådet eller av arbeidsgruppa.
2 Mynde
Arbeidsgruppene gjev tilråding til regionrådet innanfor sine saksområde. Arbeidsgruppene har ikkje vedtaksmynde. Arbeidsgruppene orienterer regionrådet om status for arbeidet og planane vidare.
3 Mandat
Arbeidsgruppene skal innanfor sine saksområde
- ta initiativ til tiltak og prosjekt som stør opp om og utviklar tenesta i regionen
- førebu saker og gje tilråding til regionrådet
- påverka avgjerdstakarar i retning av avgjerder for å betra tilbodet i regionen
- gje fråsegn
Alle saker skal vera forankra og vedtekne i regionrådet før iverksetjing.
Hastesaker skal avklarast på e-post til ordførarane med kopi til rådmennene. Medlemmane må få tilstrekkeleg frist til å svara. Dersom ein eller fleire av ordførarane har merknader til saka, har arbeidsgruppa ikkje høve til å iverksetja saka. Arbeidsgruppa har høve til å leggja saka fram i neste regionrådsmøte.
4 Økonomi
Arbeidsgrupper som har behov for eigne midlar for å utføra oppgåvene, kan få tilført midlar frå regionrådet for ei avgrensa periode og til definerte føremål.
5 Sekretariat
Dagleg leiar deltek i møta og er sekretær for arbeidsgruppene. Det skal førast referat frå møta. Dersom medlemmane i arbeidsgruppa har ulike standpunkt i møtet skal dette gå fram av referatet.
Vedtekne i møtet 28.3.2008