Med 70 engasjerte deltakarar frå barnehagane og skulane i Sogn og frå PPT og helsestasjonane i regionen avslutta Læringsmiljøsenteret med forelesing og arbeid i grupper omkring temaet foreldresamarbeid. Dei tydeleggjorde kor viktig dette samarbeidet er for barn sin trivsel, utvikling og læring og for det pålagde arbeidet vi har for at skulemiljøet skal vere godt for alle.
Prosjektperioden blir avslutta i 2019, men temaet blir like viktig i vidare arbeid.