Rådet har utbetring av fylkesveg 55 Vadheim-Grense Innlandet som hovudprioritet, og er tilfreds med at fylkesveg 55 er med blant dei strekningsvise utbetringane.
I uttalen vert det stilt spørsmål til kvifor fleire av kriteria for prioritering er justert frå førre transportplan. Gjennomgåande favoriserer endringane sentrum og distrikta kjem dårlegare ut. Rådet ber om at Statens vegvesen sin modell for skredfaktor vert styrande for prioriteringane og åtvarer mot å gå inn på å endra modellen. I nasjonal samanheng vil Vestland sannsynlegvis tape på ei slik kriteriendring, om den vert ført vidare inn i det nasjonale planarbeidet.
Rådet sitt innspel er samrøystes frå kommunane i Sogn og kan lesast her: RTP Innspel frå Sogn regionråd.
Planen blir vedteken i fylkestinget i desember og vil legge føringar for prioriteringane innan sektoren framover.
Arnstein Menes, leiar i samferdslegruppa, presenterte våre innspel på konferansen på Skei 25. august, sjå presentasjonen.