Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Sogn regionråd samarbeider om KLAPP, som er eit forskings- og utviklingsprosjekt om Kompetanseheving for Lærarar sitt Arbeid med Positiv Psykisk helse i læringsmiljøet. KLAPP-prosjektet får økonomisk støtte frå Helsedirektoratet. Tematisk høyrer KLAPP inn under utviklingsområda Sogn vil satsa på i IBOS (inkluderande barnehage- og skulemiljø), særleg det som gjeld relasjonar mellom vaksne og barn (jf. planen for IBOS i Sogn, 2018-2020).
KLAPP-prosjektet søkjer no etter to lærarar som kan arbeida i 20 % stillingar som kurshaldarar, altså ein arbeidsdag i veka. Stillinga vil inngå i arbeidsplanen til den aktuelle lærar, og HVL dekker arbeidsgjevar sine utgifter til frikjøp for KLAPP-arbeidet. Dette er ei prosjektstilling som går frå 1. mai – 31. desember 2019, med sjansar for forlenging i 2020, dersom KLAPP får meir finansiering.
Arbeidsoppgåver:
Halda KLAPP-kurs for personale ved skular i regionen. Stillinga inneber opplæring i KLAPP, samt tid til forarbeid, etterarbeid og deltaking i vidare fagutvikling i KLAPP. Kursmodulane i KLAPP omhandlar kva ei grunnopplæring i grunnleggjande psykologiske behov, om kjensler, og om korleis lærarar er rollemodellar for elevane. For meir informasjon om kva opplæring i KLAPP inneber for skulane som deltek, sjå vedlegg.
Kvalifikasjonar:
Lærarutdanning og erfaring som lærar, god formidlingsevne og gode samarbeidsevner.
Søknad til:
Programleiar i Sogn regionråd Hanne Hjelmeland Ørnehaug hanne.ornehaug@sogndal.kommune.no og kopi til rektor/leiar ved skulen der ein er tilsett.
Spørsmål om stillinga kan rettast til prosjektleiar ved HVL Solrun Samnøy: solrun.samnoy@hvl.no tlf. 90140366.
Søknaden skal innehalda:
1. Om søkjar sin bakgrunn i høve utdanning og arbeidserfaring.
2. Om søkjar si faglege interesse i høve KLAPP.
3. Om søkjar sin motivasjon til å ha kurs for andre lærarar.
4. Referanse til nærmaste leiar eller andre som kan sei noko om søkjar som formidlar.
For meir informasjon om kva opplæring i KLAPP inneber for skulane som deltek finn du her
Søknadsfrist: 2. mars 2019