Utgreiinga kartlegg synspunkt og forslag til nye teknologiske løysingar for klimatilpassing. Rapporten ser på korleis auke næringsutviklinga knytta til klimatilpassing og om Sogn kan bli ein nasjonal møtearena for klimatilpassingsteknologi.
Rapporten viser at dei fleste kommunane i Sogn har med omsyn til framtidige klimaendringar i sine kommunale planverk. I næringsarbeidet kan kommunale planverk og verkemiddel leggja meir til rette og stimulera meir til tiltak og teknologiutvikling for å redusera klimarisiko for næringslivet og/eller samfunnet. Vestlandsforsking viser til at det er eit særleg potensiale for næringsutvikling og auka verdiskaping i Sogn innan næringar som landbruk, vatn/avløp/renovasjon og plan/prosjektering/bygg og anlegg. Tenesteytande kompetanseverksemder som beherskar diverse mogleggjerande teknologiar som digitalisering, robotisering, kybernetikk, droneteknologi, big data modellering vil også kunne yta tenester, løysingar og produkt for klimatilpassing, sjølv om dei i liten grad driv med slike oppgåver i dag. Kvalitetar som gjev Sogn i stand til å kunne ta ei leiande rolle og bli ein nasjonal møtearena innan klimatilpassingsteknologi er: ein aktiv fylkeskommune innan næringsutvikling og klimaomstilling, godt og nært samarbeid mellom kommunar, næringslivet, verkemiddelapparatet, fylkeskommune og regional stat, årleg nasjonal klimaomstillingskonferanse i Sogndal, stor satsing på kunnskapsproduksjon innan miljø, klima og teknologi, det nye nasjonale klimatilpassingssenteret Noradapt, lagt til Vestlandsforsking i Sogndal.
Rapporten er utarbeidd på oppdrag av Sogn regionråd, og arbeidet er kopla til det nye nasjonale kunnskapssenteret for bærekraftig klimatilpassing lokalisert i Sogndal, NORADAPT.