Kommunane i Sogn regionråd vedtok i desember 2014 å delta i felles utgreiing om kommunestrukturalternativ. Utgreiinga vil gje kommunane eit grunnlag for å ta stilling til ev. kommunesamanslåing med andre kommunar i Sogn.
Telemarksforsking gjennomførde utgreiinga på oppdrag frå Sogn regionråd, og følgjande alternativ vart utgreidd: 1) Alle kommunane i Sogn regionråd, 2) Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Årdal, Lærdal og Aurland, 3) Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster og Lærdal, 4) Sogndal, Leikanger og Luster, 5) Årdal, Lærdal og Aurland og 6) Høyanger og Balestrand.
Seks kommunar - Balestrand, Leikanger, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal - vedtok i november og desember 2015 å delta i det vidare arbeidet med å forhandla fram intensjonsavtalar for ein ny kommune, og møttest i forhandlingar i januar. Det vart brot i forhandlingane 1. februar for dei seks kommunane.
Fire kommunar - Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik - heldt fram med å forhandla og forhandlingsutvalet vart i møtet 26.2.2016 samde om intensjonsavtale for ny kommune: Sogn kommune. Intensjonsavtalen vil danne grunnlaget for ei folkerøysting i 23. mai og kommunestyra vil i juni ta stilling til ev. kommunesamanslåing.
Arild Sørum Stana frå KS Konsulent er prosess- og prosjektleiar.
Fylkesmannen har løyvd kr 1 040 000 av skjønsmidlar til Sogn regionråd til arbeidet med kommunereforma.
For meir informasjon sjå dei kommunale nettsidene.
Nytt inntektssystem og konsekvensar ved samanslåing, 24.2.2016
Kommunestruktur - endeleg rapport, 15.10.2015
Presentasjon på felles formannskapsdag 30.10.2015, Telemarksforsking
Oversikt over vedtak i kommunestyra desember 2015
Om møta i forhandlingsutvala
Notat om status og framdriftsplan
Stortinget har slutta seg til regjeringa sitt mål om å gjennomføre ei kommunereform. Målet er større, meir robuste kommunar med auka makt og mynde. Lenker om kommunereforma
Ny kommune
Regjeringa
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane