Michael J. Fuller-Gee er blant innleiarane denne dagen og held foredrag om "Bukvalitet og buformer for barnefamiliar". Han er sjefsarkitekt og byplanlegger i Arendal kommune, og er ein av dei meste etterspurte foredragshaldarane innan samfunnsplanlegging. Hans foredrag treff behov for barn, unge og eldre i eit større perspektiv og utfordrar til grep som fremmer folkehelse og meir bærekraftige løysingar.
Vi får høyre om bustadprosjektet ZIK-ZAK i Førde og minihus-prosjektet i Aurland. Reiselivsdirektøren vil snakke om at "ein god stad og bu er ein god stad å besøkje".
Målet med samlinga er å førebu seg på at bustadmarknaden er i endring og at innbyggarane har og får, andre bustadbehov enn tidlegare.
Tid: 26. mars 2019 kl 10-14
Stad: Quality Hotel Sogndal
Målgruppe: Planleggarar i kommunane, politikarar, rådmenn, byggenæringa og arkitekt/ingeniørselskap
Gratis deltaking. Det blir enkel servering.
Påmelding innan 19. mars gjer du på denne linken: http://pamelding.sogn.regionraad.no/
Velkomen!