Med si plassering langs viktige ferdselsårer og nær store arbeidsplassar, gir sjukehuset rask og livsviktig hjelp når det gjeld som mest.
Gjennom mange gode grep er sjukehuset modernisert, og det blir i dag drive kostnadseffektivt og med høg kvalitet. Sjukehuset har eit breitt spekter av tenester som gynekologisk poliklinikk, jordmorteneste, audiograf, øyre-nase-hals, mammografi, gastro-, hjarte-, skade- og ortopedisk poliklinikk. Desse tilboda er tett på og betyr mykje for innbyggjarane våre. Institusjonen har også over 250 viktige kompetansearbeidsplassar i regionen.
Sognaregionen har over lang tid stått samla i støtta si til Lærdal sjukehus. Denne støtta står like sterkt i dag, og det er ein god og løpande dialog med leiinga i Helse Førde og med sentrale helsepolitikarar om utviklinga vidare.
Utgreiinga Aurland har teke til orde for, endrar ikkje dei faktiske forholda: Lærdal sjukehus er viktig, velfungerande og breitt forankra i heile regionen. Samstundes kan utgreiinga gje ny kunnskap som kan bidra til utvikling og styrking av tilbodet.
Regionen vil også i framtida stå samla, og følgje utviklinga av tilbodet ved sjukehuset tett.