Velkommen til vakre Sogn – distriktet med mangfald av naturopplevingar frå høgfjell og bre til ribb-, fiske- eller kajakkturar i vakre fjordar. Sogndal er største senteret med urbant tilsnitt, og variert kulturliv. I tilgrensande kommunar finn ein mindre sentra, aktivt idretts- og kulturliv, gode oppvekststilvilkår og gode lokale fellesskap. Kommunane i regionen har sine ulike eigenartar - frå høgskule- og studentmiljø til distriktskommunar med industri, turisme og jordbruk, alle omgitt av vakker natur med mangfald av aktivitetar.
 

Kommunane har starta ein prosess for å førebu tilsetting av psykologar som ny kommunal fagprofesjon. Sentralt i prosessen vert god førebuing og tilrettelegging internt i den einskilde kommune. Ein legg opp til fleirfaglege behandlingsteam der tilgrensande helseressursar inngår. Vidare vil nær kontakt med oppveksteiningane og andre relevante aktørar vere sentralt. Kommunal psykologteneste vil dermed vere ei teneste der ein møter klientar i sitt eige bu-, oppvekst- og arbeidsmiljø.


Sogn regionråd er samarbeidsfora for 9 kommunar (frå 2020 for 7 kommunar). Nye Sogndal (no: Sogndal, Leikanger og Balestrand), vert frå 2020 dette distriktet sin nye storkommune med om lag 12 000 innbyggarar. Saman med dei kringliggande kommunane, Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Vik og Årdal, vil nye Sogndal danne senter for satsing på interkommunalt psykolognettverk. Målet med nettverket er å danne fagleg fora for drøfting av fagetiske spørsmål og felles utfordringar. Fagnettverket vil òg samarbeide nært med spesialisthelsetenesta som har distriktspsykiatrisk senter (DPS) lokalisert i Sogndal. I samarbeid med spesialisthelsetenesta vert det òg lagt til rette for at tilsette psykologar skal ha høve til spesialisering.


Sentrale føringar om den kommunale satsinga peikar på oppgåver som system- og samfunnsretta arbeid, førebyggande arbeid mot individ og grupper, lågterskel behandling og oppfølging av personar, familiar eller grupper. Kommunane vil vektlegge ulikt innan desse felta, jamfør omtale av dei ulike stillingane under. Endeleg utforming av stillingsinnhald vert lagt i samarbeid med den som vert tilsett i stillinga og psykologen vil ha høve å påverke og forme det psykologiske helsetilbodet i kommunane.
 

Ledige stillingar
Kommunane i Sogn har ledig 4 x 100% stilling for kommunepsykolog.


Kvalifikasjonskrav
• Erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er en fordel
• Grunnleggande IKT-kompetanse
• Interesse for forsking og fagutvikling er ein fordel
• Gode norskkunnskapar både skriftlig og munnleg med god framstillingsevne
• Personlige eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert
• Må ha sertifikat klasse B og disponere eigen bil.


Vi tilbyr
• Gode arbeidsforhold med et aktivt og engasjerande arbeidsmiljø
• Konkurransedyktig lønn i tråd med tariff
• Hjelp til å skaffe bustad
• Kommunane legg til rette for relevant vidare- og etterutdanning og spesialisering samt deltaking i relevante faglege nettverk​
• Interkommunalt nettverk for psykologar for kollegastøtte, gjensidig rettleiing og fagleg utvikling og samarbeid med spesialisthelsetenesta

Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, regler og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Med heimel i Helse og omsorgstenestelova § 5-4, vert det stilt krav om godkjent politiattest før tiltreding i stillinga. 


Stillingane fordeler seg på desse kommunane:

Aurland, Lærdal og Årdal kommune:
Desse kommunane inngår i samarbeid om psykologtenesta og søkjer etter 2 psykologar. Tilsetting vert ved Sogn lokalmedisinske senter (SognLMS) i Lærdal. Psykologane vil arbeide organisatorisk i nær tilknyting til felles kommuneoverlege og som del av team lokalt i dei 3 kommunane.
Kommunane har følgjande overordna mål for psykologtenesta:
• Førebyggane tiltak primært for barn og unge på individ og gruppenivå der også rettleiing vil vere ei sentral oppgåve.
• Klinisk behandlingstilbod til barn, unge og vaksne.
• Tett samarbeid med barnehagar og skular, helsestasjonen, legetenesta, psykisk helseteneste, barnevern og andre relevante instansar.
 
Spørsmål om stillinga rettast til rådmann Arne Johansen på e-post arne.johansen@laerdal.kommune.no, eller på tlf 416 88 422
Søknadsskjema for stillinga finn du på www.laerdal.kommune.no.

Høyanger kommune:
Søkjer psykolog i 100% stilling der overordna mål er å:

  • styrke tilbodet til barn og unge som har lettare eller moderate psykiske lidingar.
  • kvalitetssikre kommunen sine psykososiale tilbod for barn , ungdom og familiar. Dette vil skje gjennom undervisning, rettleiing og drøfting med andre faggrupper.
  • delta i ulike former for tverrfagleg samarbeid og prosjekt, og delta i plan og systemarbeid.

Spørsmål om stillinga rettast til Ingun Indrebø, kommunalsjef helse og omsorg på e-post ingun.indrebo@hoyanger.kommune.no eller tlf. 478 90 705.
Søknadsskjema for stilling finn du på www.hoyanger.kommune.no.


Sogn regionråd:
Dei ni kommunane i Sogn regionråd samarbeider med Høgskulen på Vestlandet om ei psykologstilling. Psykologen vil arbeide med det kommunale folkehelsearbeidet. Arbeidsoppgåver er blant anna:

  • utvikling av kompetansehevingstiltak for tilsette ved barnehagar og skular
  • rettleiing og undervisning av personale i helse, barnevern, barnehagar, skular og PPT
  • undervisning, forsking og utviklingsarbeid ved dei ulike profesjonane ved høgskulen

Sogndal kommune er arbeidsgjevar. Arbeidsplass vert på høgskulen eller kommunal kontorstad i Sogndal etter avtale.


Spørsmål om stillinga rettast til dagleg leiar Karina Nerland på e-post karina.nerland@sogndal.kommune.no eller tlf 908 30 284.

Søknadsskjema for stillinga finn du på www.sogndal.kommune.no.