Samhandlingsreforma var tema for dei to første orienteringane: Ørjan Raknes Forthun, leiar for felles arbeidsgruppa for KS og Helse Førde, presenterte arbeidet for å vurdera samhandlings- og avtalestrukturen. Samhandlingssjef Vidar Roseth fortalte om dei prosjekta som er starta opp i Sogn og i resten av fylket.
Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes presenterte satsingsområde, produktutvikling og nettverksbygging for Njøs Næringsutvikling i Leikanger. Sogn regionråd har bidrege med omstillingsmidlar i fem år med 2011 som siste året. "Det har lukkast å skapa ei næringsklynge på Njøs i Leikanger med støtte frå mellom anna Sogn regionråd", sa han. Næringsklyngja har no 13 tilsette.
Det er kome nytt næringshageprogram og satsinga går over 10 år, med søknadsfrist i midten av oktober. Lars Hustveit frå fylkeskommunen presenterte det nye programmet. Fylkeskommunen ønskjer 3-4 næringshagar i fylket.
Kommunane vil få planutkast for overgrepsmottakt i Sogn og Fjordane på høyring før sommarferien. Helge Ulvestad frå SYS-IKL orienterte om prosjektet, aktuelle modellar og organisering for felles overgrepsmottak. Kommunane vil bli bedne om å ta stilling samarbeidet i desember 2011.