Den nye kommunen skal heite Sogn kommune. Sogndal blir kommunesenteret.
Avtalen vil bli lagt fram for kommunestyra for vidare handsaming.
Kommunane gjennomfører rådgjevande folkeavrøysting 23. mai 2016, før endeleg vedtak vert gjort av kommunestyra i juni 2016.
Prosjektleiar Arild Sørum Stana frå KS Konsulent er prosjektleiar.
Ordførarane i forhandlingsutvalet: Harald N. Offerdal (Balestrand), Jon Håkon Odd (Leikanger), Olav Turvoll (Vik) og Jarle Aarvoll (Sogndal)
Presentasjonar:
Intensjonsavtale og framdriftsplan ved prosjektleiar
Økonomiske konsekvensar av nytt inntektsystem ved rådmannen i Vik kommune