Sogn regionråd tilrår at kommunane etablerer eit felles reisemålsselskap saman med næringa slik som skissert i rapporten Reiselivsorganisering i Sogn.
Sogn regionråd tok evalueringsrapporten "Sammen så veie vi flere tonn..." til vitande. Rådet tilrår at kommunane etablerer eit varig regionalt barnehage- og skulesamarbeid.
Sogndal si rolle som regionsenter er bakgrunnen for at Sogndal kommune orienterte om sine planstrategiar i møtet, og rådet kan gje innspel på strategiane.
Ass. fylkesdirektør Per Jørgen Loen og rektor Marta Sofie Vange orienterte om status og utfordringar for vidaregåande opplæring.