Høyringssvar om ferjeruter vart drøfta i møtet. Samferdslegruppa ferdigstiller innspelet som rådet kan slutta seg til innan høyringsfristen.
Sogn regionråd gav tilskot til Visit Sognefjord i 2013 og 2014 og til Framtidsfylket sine karrieremesser i Bergen og Trondheim neste år.
Rådet fekk orientering om Sogn Jord- og Hagebruksskule ved rektor Bjørg Fritsvold, om plan for prehospitale tenester ved prosjektleiar Stian Sægrov i Helse Førde og om den nasjonale restruktureringsprosessen av destinasjons- og landsdelsselskapa ved reiselivsdirektør Ståle Brandshaug i Visit Sognefjord. Sjå presentasjonane under.
Møteinnkalling
Sak 37/13 Høyring ferjeruter Vedlegg: Høyringsbrev og rutetabellar 2 ferjer Hella-Vangses-Dragsvik, 3 ferjer Hella-Vangsnes-Dragsvik og Mannheller-Fodnes
Møteprotokoll
Vedlegg:
Marknads- og tiltaksplan for Visit Sognefjord
Evaluering av karrieremesser og Åtgaum
Rapport frå TØI, 2012
Presentasjonar:
Sogn Jord- og Hagebruksskule
Plan for prehospitale tenester
Nasjonal restruktureringsprosess