Dei seks formannskapa var samla 21. mars til ein innhaldsrik dag i Sogndal og fekk høyre om Statnett sine planar for linjeutvikling i regionen, konsesjonskraft som er under stadige angrep og energikommisjonen om behovet for taktskifte i energipolitikken. Sogn utvikling og Årdal teknologipark orienterte om prosjekt og planar for grøn industriutvikling. Sognatinget diskuterte utfordringar knytta til kraft og gav innspel til prioriteringar og korleis vi kan nå fram med krava. Formannskapa fekk også informasjon om omdanninga av regionrådet til politisk råd og etableringa av oppgåvefellesskapet. Inkluderingsprosjektet Sogn for alle er i gang med satsingar som Sognaloop og Sogn Opportunity. Viktige samferdslesaker vart diskutert, særleg Lærdalstunnelen. 
 
Tusen takk for gode innleiingar og for engasjement frå dei seks formannskapa. Vi tek med innspela til utvikling av regionen vår.
 
Presentasjonar (lenke til pdf under):
 
Sogn utvikling - grøn industri
Torgeir Skålid, dagleg leiar Sogn utvikling

Grøn vekst - fornybar energi og industrielle symbiosar
Per Gullaksen, teknisk sjef Hydro og Frank Øvstetun, dagleg leiar Sitep

NOU 2023:3 Mer av alt – raskere: Energikommisjonen sine langsiktige perspektiv for norsk energipolitikk – konsekvensar for vår region? 
Jon Rolf Næss, Landssamanslutninga for Vasskraftkommunar 

Kraftregime – konsesjonskraft
Jon Rolf Næss, styreleiar, Landssamanslutninga for Vasskraftkommunar

Linjeutvikling i regionen – plan for framtidig nettutvikling
Harris Utne, direktør, Statnett

Omdanning av regionrådet
Karina Nerland, dagleg leiar Sogn regionråd

Sogn for alle
Jeanette Walsvik, prosjektleiar Sogn regionråd

Samferdsle - prioriteringar av tiltak i Sogn og aktuelle saker: rassikring og Lærdalstunnelen
Jan Øhlckers, Vidsyn rådgivning AS 

Sjå programmet