På møtet vart Roy Egil Stadheim gjenvald som leiar og Kjell Bøe Bjørgum vald som ny nestleiar. Handlingsplan 2024 for Sognarådet vart vedteken.
Sognatinget består av dei seks formannskapa og er øverste organ i Sognarådet. Sognatinget er ein viktig politisk arena for å drøfta utfordringar og moglegheiter og styrka samarbeidet i Sogn.
Tema for møtet var distriktsutvikling, samferdsle, planprosessar og tenestesamarbeid. Leiar Roy Egil Stadheim opna møtet og la vekt på at samarbeid blir meir og meir viktig om vi skal lukkast i Sogn. - Regionen har mange utfordringar som vi kan løyse om vi står samla og ser moglegheitene.
Statsråd Erling Sande innleia om regjeringa sine distriktspolitiske verkemiddel og tiltak for folkevekst og attraktive lokalsamfunn. Innspela frå Sognatinget femna om bustadmangelen i distrikta og behovet for å styrke Husbanken sine tilskotsordningar, fleire flyktningar må kome i arbeid og nytt inntektssystem må ikkje setje kraftinntektene i spel.
Arve Helle, leiar i samferdsleutvalet, orienterte om Vestlandet sine føringar og prioriteringar. Fylket har stort vedlikehaldsetterslep og har fokus på å stoppe forfallet, trafikksikre og klimatilpasse fylkesvegane. Fleire prosjekt er utsett grunna krevjande budsjettsituasjon. Vestland sine hovudprioriteringar til Nasjonal transportplan er auke i rammene til drift og vedlikehald av fylkesvegar og styrking av ras- og flaumsikring.
Andreas Wollnick Wiese, leiar i samferdslegruppa, innleia om Sognarådet sine prioriterte samferdsletiltak. Rådet prioriterer rv 13 Vikafjellstunnelen som nr 1 og rv 52 Hemsedal som nr 2 til Nasjonal transportplan. Fv 5600 Arnafjorden er prioritert til Regional transportplan. Status i Sogn er at E16 Hylland-Slæen er utsett i statsbudsjettet 2024 og fylkeskommunen har "parkert" Esefjordbrua, Sjukehusvegen i Lærdal og Nes-Høyheim. På møtet utfordra Wiese om Sognarådet ved neste milepæl kan samla seg om færre prosjekt og meir synleg støtte til prosjekt utanfor regionen.
I plenumsdiskusjonen tok fleire til ordet for å prioritera tiltak som gir "meir veg for pengane". Kva er "godt nok" for å løyse utfordringane med stort vedlikehaldsetterslep og rassikringsbehov. Samferdslesaker som vart løfta fram i diskusjonen var Esefjordbrua, Vikafjellstunnelen, Lærdalstunnelen, tiltak for mjuke trafikantar og auka statlege rammer for at hurtigbåtane kan elektrifiserast.
Liv Signe Navarsete innleia til diskusjon om samspel stat og kommune i planprosessane. Kommunane sjølve må ta ansvar som planstyresmakt. Som prøveordning blir rutinar for dispensasjonssakene forenkla og slik får Statsforvalteren meir ressursar til dialog og rettleiing til kommunane.
Styreleiar Tor-Einar Skinlo orienterte om planane for tenestesamarbeid i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap, blant anna for barnevern og NAV.
Sjå presentasjonane i lenkene under:
Vestlandet sine føringar og prioriteringar med særleg fokus på Sogn
Arve Helle, leiar hovudutval for samferdsle og mobilitet, Vestland fylkeskommune
Samferdsleprioriteringar i Sogn
Andreas Wollnick Wiese, leiar i samferdslegruppa i Sognarådet
Planar for tenestesamarbeid
Tor-Einar Skinlo, styreleiar i Sogn kommunalt oppgåvefellesskap
Sakspapira finn du i møtekalendaren