Highsoft utviklar grafisk verktøy som skal gjera det lett å visualisera data direkte i internett. Dagleg leiar Grete Hjetland og gründer Torstein Hønsi fortalte om verksemda og at dei har fokus på å vera i forkant av teknologiutviklinga og nye trendar. Highsoft vann prisen som "Årets gründer" i Sogn og Fjordane i 2012. Verksemda har ni tilsette i Vik.
Næringssjef Odd Rune Turvoll orienterte om næringslivet i Vik. Næringsnettverket diskuterte tema til Aurlandskonferansen (fokus på virkemiddelapparatet og få fram dei gode døma i regionen), arenaer for gründerar om finansieringskjelder for bedriftsetableringar og verdiskapingsplanen for Sogn og Fjordane.
Les meir på Vik kommune si nettside