Å tilby læreplassar er eit viktig verkemiddel for å skaffe næringsliv og samfunnet nødvendig fagkompetanse i åra framover. Med god tilgang på læreplassar vil fleire fullføra utdanninga.
Formålet med å arbeida gjennom partnarskapen er å samordne innsatsen slik at vi aukar tal læreplassar i Sogn og sikrar rekruttering av fagarbeidarkompetanse i arbeids- og næringsliv i regionen. Partnarskapsavtalen vart inngått første gong i 2016. I løpet av denne tida har tal læreplassar i Sogn auka.
Avtalepartane er NHO Vestlandet, LO Vestland, Vestland fylkeskommune og Sogn regionråd med medlemskommunane Aurland, Høyanger, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal.
Samarbeidsområde og tiltak i den nye avtalen er i stor grad vidareføring av førre avtale. Temaet vert jamnleg sett på dagsorden i regionrådet og i kommunane sine nettverk og samarbeidsfora. Informasjon til ungdomsskuleelevane om moglegheitene i fag- og yrkesopplæringa og informasjon til næringslivet om lærlingeordninga er blant tiltaka i avtalen. Kommunane har for sine eigne verksemder sett mål om 2,5 lærling pr tusen innbyggjar.