Inger Marie Evjestad har leiarerfaring som rektor og oppvekstleiar, og har lang og brei erfaring med utviklings- og prosjektarbeid. Ho er ressursperson i utviklingsarbeidet inkluderande barnehage- og skulemiljø, ei delstilling ho kjem til å halda fram i ut 2019. Evjestad kjem frå stillinga som rektor og styrar ved Indre Hafslo oppvekstsenter, og byrjar som programleiar i Sogn regionråd 1. oktober 2019.
Dei ni kommunane satsar heilskapleg på barnehage- og skuleutvikling og samarbeider om det regionale utviklingsprogrammet "System for styrka læring". Programleiar har ansvar for å leia, koordinera og følgja opp det regionale programmet, som er kjenneteikna av breitt samarbeid mellom kommunane og med eksterne aktørar.