Ho har lang erfaring frå privat og offentleg sektor, og har brei erfaring frå prosjektarbeid. Marit har nettopp teke master i organisasjon og leiing og kjem frå leiarstilling i Sogndal kommune.
Dei sju regionrådskommunane satsar heilskapleg på integrering. Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Prosjektleiar samarbeider med lokalt næringsliv, offentleg og frivillig sektor.
Marit Reppen tek til som prosjektleiar 1. september.