Tenk deg at du er ny på jobben og kanskje ny i Noreg? Kanskje har du har lite arbeidserfaring og språket som vert snakke rundt deg er framandt og vanskeleg å forstå.
I ein slik situasjon vil god støtte på arbeidsplassen gi deg større sjanse for å lukkast i arbeid. Difor har Sogn regionråd eit mentorprogram for dei som tek i mot og gjev opplæring til personar som er nye i det norske arbeidslivet.
Høyanger kommune, Årdal kommune, NTP Avery Dennison og Vik Ørsta satsar på kompetanse i inkluderingsarbeidet. Dei har tilsette som er med på mentorprogrammet og deltek slik i det regionale arbeidet for inkludering og integrering.
Mentorprogrammet inngår i Sogn for alle, eit prosjekt i regi av Sogn regionråd. Målet for prosjektet er auka sysselsetting og bulyst for innvandrarar. Innvandring er den viktigaste faktoren for sikre folk i bygdene, elevar på skulane og hender på sjukeheimane våre.
Kva kan eigentleg forklarast med kultur? Kva er typisk for det norske arbeidslivet? Kva er det som gjer det så vanskeleg å lære norsk? Har vi alle fordommar?
Dette og mykje anna er tema når deltakarane møtast for å bli ennå tryggare i å rettleie og følgje opp nye kollegaer. Av forsking veit vi at desse personane, erfarne og flinke tilsette, er dei viktigaste for at innvandrar skal lære og trivast som ny på arbeidsplassen.
Mentorprogrammet er ei viktig satsing om vi skal lukkast med vårt felles mål om at fleire deltek aktivt i arbeidsliv og samfunnsliv og satsar på ei framtid i Sogn. Vi set pris på at bedriftene tek ansvar og gjev mentorane den anerkjenninga og kompetansen dei fortener.
Om det er fleire bedrifter som ønskjer å delta på programmet er det nokre ledige plassar. Neste samling i mentorprogrammet er 8. desember, påmelding seinast 1. desember 2020 til prosjektleiar Heidi Myrvold, tlf. 95899023, e-post: heidi.elisabeth.myrvold@sogndal.kommune.no.