Heidi Myrvold har brei erfaring med utviklings- og prosjektarbeid og arbeid med inkludering. Ho kjem frå stilling ved NAV Arbeidslivssenter der ho samarbeider tett med næringslivet.
Dei sju regionrådskommunane satsar heilskapleg på integrering. Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsetjing og bulyst blant innvandrarar. Prosjektleiar har ansvar for å leia, koordinera og følgja opp prosjektet som går over fire år.
Heidi Myrvold tek til i stillinga 1. mai 2020.