Aina Drage, mobbeombod i Vestland, var fagformidlar på temaet "Barnehagelova, kva betyr barnets beste i praksis" med leiarperspektivet som utgangspunkt. Skuleleiarane nytta Ingrid Jacobsen frå Høgskolen Innlandet med temaet Fagfornyinga, tverrfagleg arbeid, organisering og vurdering. Dette var ei forlenging av temaet frå leiarsamlinga i 2019 og fagdagen 12. august i år.
Det var lagt inn ei økt der deltakarane gruppevis arbeidde med problemstillingar og innspel til ny programplan, bygd på kort historikk, erfaring og evaluering av arbeidet som er gjennomført i gjeldande plan.
Både høgskulen og PPT (pedagogisk-pyskologisk teneste) hadde deltakarar på samlinga. Det var avsett tid til styrarnettverk, rektornettverk og nettverk for kommuneleddet på dag to.
Samlinga var prega av stor aktivitet og interesse.