Regionalplanen er eit verktøy i regionrådet sitt arbeid med å utvikla regionen. Planen har fokus på det regionale perspektivet og felles satsingar, og skisserer dei viktigaste satsingsområda som kommunane vil samarbeida om og løysa i lag i perioden. Planen blir laga kvart fjerde år.
Kommunane har i løpet av hausten drøfta utfordringar og moglegheiter for Sogn og kva som bør vera regionrådet sine satsingsområde framover. Vi fekk innspel frå eksterne aktørar og samarbeidspartnarar på felles formannskapsmøte.
Med bakgrunn i den regionale analysen for Sogn, innspel og drøftingar er det valt ut fire satsingsområde i planen: 1) næringsutvikling, 2) attraktiv buregion, 3) kompetanse og 4) samferdsle. I drøftingane har det vore vektlagt at regionrådet i sterkare grad enn før prioriterer nokre strategiar og spissar satsingane.
Frist for å gje innspel er 20. februar 2017.
Regionalplanen 2017-2020 blir lagt fram for handsaming i Sogn regionråd i møte 31.3.2017. Handlingsplanen for 2017 vil bli handsama i same møte.