Inger Marie og Heidi skal tilby støtte og rettleiing til skuleeigarar, skuleleiarar og einingar i samsvar med den nasjonale satsinga for eit inkluderande barnehage- og skulemiljø. Dei skal følgje opp lærande nettverk og barnehagane og skulane sitt utviklingsarbeid for å sikre ei felles retning i arbeidet med å utvikle inkluderande barnehage- og skulemiljø. Satsinga er forankra i regjeringa sin politikk mot mobbing. Prosjektet skal vere med på å styrke både regelverkskompetansen og den pedagogiske kompetansen til barnehagar, skular, eigarar og barnehagemyndigheiter, samt kompetanse i å drive kvalitetsutvikling lokalt.
Hovudoppgåva til Inger Marie og Heidi vil difor vere å hjelpe og rettleie slik at ein kan leggje til rette for å gjennomføre barnehage- og skulebasert kompetanseheving innanfor temaet læringsmiljø ut i einingane.
Utdanningsdirektoratet har ansvar for kompetanseutvikling av ressurspersonane, og dei legg opp til at det skal vere eigne samlingar for kompetanseutvikling. Inger Marie og Heidi vil difor få god opplæring av eksterne som dei tek med seg ut i organisasjonane igjen.
Om du ønskjer å lese meir om satsinga gå til lenka:
https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/nasjonale-satsinger/tilbud-om-kompetanseutvikling-miljo-og-mobbing/