Rapporten viser at ”Sats på skulen – snu Sogn” har bidrege til å skapa og videreutvikla betre strukturar for skulesamarbeid og skuleutvikling. Nye arbeidsformer har blitt spreidde til fleire, på ein måte og i eit omfang som etter evaluator sin meining neppe ville vore mogleg utan prosjektet som ein overordna utviklingsagent i regionen.
Evalueringa viser til fleire gode grep i prosjektet (stikkordsform her): varigheiten og stabiliteten som det er lagt opp til, forankringa politisk, administrativt og i praksisfeltet, programstyret sin samansetjing, utviklingsmiljøet som er skapt i ein nøytral posisjon, dei gode planane samstundes som ein har gått nye vegar, det har gitt ”kortreiste resultat”, det har vore bygd på det gamle for å skapa noko nytt og det har vore ei bevisst satsing på nettverk og slik styrka delingskulturen.
”Sats på barnehagen – snu Sogn” og tilpassa opplæring/spesialundervisning er to område som vert trekte fram der prosjektet har vore opne for justeringar i løpet av perioden. Prosjektet har ein struktur som kan utnyttast for å styrka desse områda.
Rapporten peiker på at hovudutfordringa er å bevare det som er bygd opp, og bygge vidare på det. Innspela til vidare arbeid er mellom anna utvida fokus mot vidaregåande opplæring og styrka kontakten mellom grunnskulen og vidaregåande skule i regionen med fokus på tilpassa opplæring, betre karriererettleiing og auka innsats i høve fråfall i vidaregåande skule.
Evalueringa er gjennomført av NTNU Skole- og læringsforskning ved forskar Trond Buland.