I fjor kom over tusen personar flyttande til Sognekommunane med ønske om arbeid og ein god kvardag. Men berre eit fåtal vil bli verande og satse på eit liv her. At naturen er rein og vakker, at vi skårar høgt på kvalitet i skulen og at vi har eit allsidig arbeidsliv, det er ikkje nok. Korleis får vi fleire til å bli buande? Korleis legg vi til rette for at  dei skal kunne skape seg ei framtid mellom fjord og fjell i vakre Sogn?

Kommunane i Sogn vil satsa heilskapleg på inkludering av innvandrarar og har starta opp det fireårige prosjektet Sogn for alle. Gjennom prosjektet ønskjer vi å bli betre på å nytta moglegheitene som innvandringa bringer med seg.

Sogn regionråd ønskjer at fleire innvandrarar blir buande i Sogn. Vi har ein aldrande befolkning, unge flyttar ut for å ta utdanning og skape seg ein karriere. Å få dei unge til å flytte heimatt, vil ikkje gje folketalsvekst i vår region. Det vert viktig å ta vare på dei nye innbyggjarane som alt bur i vår region.

For å få til det, må dei trivast og ha ein jobb. Målet med prosjektet er å sikre verdiskaping og meir vekst i arbeids- og næringsliv gjennom auka sysselsetjing og bulyst. Vi veit at arbeid er viktig for at mange kjem til Sogn, men ikkje nok for at dei skal bli. Det handlar om val og vi må gjere oss attraktive for dei som kjem.

Innvandrarar er ein viktig ressurs for sterke vekstbedrifter og gode lokalsamfunn. Vi inviterer lokalt næringsliv, frivillig sektor og det offentlege til å samarbeida for å halda på tilflyttarar med innvandrarbakgrunn. Lukkast vi, kan vi oppleve høgare sysselsetting, tilgang på kvalifisert arbeidskraft, innovasjonskraft og gode og inkluderande fellesskap.

Prosjektleiar Heidi Myrvold byrja 1. mai og er pådrivar i det regionale utviklingsarbeidet. I tillegg stiller kvar kommune med ein kontaktperson til prosjektet.
 
Fakta:
- 1289 personar flytta til Sogn i 2019.
- Arbeid og familie er den viktigaste grunnen til innvandring.
- Polakkane utgjer den største gruppa innvandrarar.
- I 2017 busette Sogn fleire flyktningar pr. innbyggar enn det som er gjennomsnittet i landet.
- Sogn har færre innvandrarar enn snittet i landet. I Sogn er 9,9% av befolkninga innvandrarar, i landet elles er det 14,1%.
- Dei største gruppene av innvandrarar er arbeidsinnvandrarar (32%) og flyktningar (31%)
- Fleire innvandrarar har høgare utdanning (41,8% ) enn det som er snittet i Sogn (34%)