Målet med prosjektet Sogn for alle er å sikre verdiskaping og meir vekst gjennom auka sysselsettjing og bulyst blant innvandrarar. Ei vellukka integrering vil krevje innsats og samhandling frå offentlig sektor, privat næringsliv og frivillig sektor. Denne dagen vil vi sette lys på faktorar og verkemiddel som kan vera med å løyse utfordringar for distriktet og regionen. Du bidreg ved å aktivt delta gjennom konferansen.
Tid: Tysdag 3. mai 2022 kl. 10.00 – 14.00
Stad: Quality Hotel Sogndal
Målgruppe: Sogn for alle sine samarbeidspartar, kommunane ved ordførarar, rådmenn og kommunalsjefar, leiarar og hovudtillitsvalde frå private og offentlege verksemder og representantar frå frivillig sektor.
Påmelding til konferansen innan 24. april.
Konferansen er gratis.