Retning for samferdsla
Tinget peika ut kva samferdslesaker regionen skal prioritere i Nasjonal transportplan, og starta drøftinga av ny regional transportplan. I neste møte, 4. november, skal tinget ta stilling til ein samla mobilitet- og samferdsleplan for Sogn.
Sognaplanen og felles bodskap
Det vart gjeve innspel til handlingsdelen for Sognaplanen og jobba vidare med ein samla Sognabodskap. Arbeidsutvalet fekk fleire oppdrag med seg fram mot neste møte – eit steg som tydeleg markerer eit aukande regionalt samarbeid for eit styrka Sogn.
Ny leiar
Etter tre år med Roy Egil Stadheim (Vik) som leiar for Sognaregionen valde tinget Kjell Bøe Bjørgum, ordførar i Aurland, som ny leiar. Stig Ove Ølmheim frå Sogndal vart ny nestleiar. - Det er god driv i samarbeidet no, og Sognatinget blir ein stadig viktigare møteplass for felles retning og strategisk arbeid i regionen, sa Bjørgum ved avslutninga av tinget.
Med eit mål om å styrke både samferdsla og den regionale identiteten, legg Sognatinget no grunnlaget for ei meir samordna og framtidsretta utvikling i Sogn
Møteinnkalling og møteprotokoll for Sognatinget