Psykologisk-foerstehjelp-barn_hd_image.jpg

Aurland barne- og ungdomsskule, Flatbygdi skule i Vik og båe skulane i Årdal, Tangen og Farnes, er no med i regionrådet sitt forskingsprosjekt om psykisk helse i skulen.  Dei vel 140 lærarane på desse skulane får no kurs i bruk av verktøyet Psykologisk Førstehjelp (PF). Til hausten skal dei undervise i PF i klassane sine.

Regionrådet har fått 200 000 kr frå Regionalt forskingsfond til forprosjektet. Sogn og Fjordane fylkeskommune har som ledd i folkehelsearbeidet gitt tilskot til prosjektet med innkjøp av psykologisk førstehjelpsskrin til klassane. Neste vår tek vi stilling til om forprosjektet kan utvidast til eit hovudprosjekt, og dermed femne fleire av skulane i Sogn.

Solrun Samnøy er prosjektleiar og kurshaldar. Ho er lærar og forskar, og er tilsett ved Regionalt Kunnskapssenter for barn og unge (RKBU-Vest). Ho fortel at lærarane på kursdagane gav tilbakemelding om at PF verkar svært relevant for skulekvardagen, og at dette er tema som både lærar og elevar treng kunnskap om. Ei  brei opplæring av alle lærarar ved ein og same skulen vil gjera at opplæringa får større effekt – i staden for at ein eller Psykologisk førstehjelp ungdomto frå kollegiet reiser på eksterne kurs.

Å introdusera Psykologisk Førstehjelp i skulen har to hovudmål. For det første skal det gje elevane kunnskap og verktøy, slik at dei kan bli ei betre
støtte for seg sjølv. For det andre skal det styrkja lærarane sin kompetanse i å skapa eit godt læringsmiljø i klassen, med særleg fokus på lærar-elev-relasjonen.

Prosjektet vert gjennomført i samarbeid med RKBU Vest og HEMIL-senteret ved Universitetet i Bergen. Ved hjelp av spørjeskjema samt fokusgruppeintervju med elevar, lærarar og skuleeigarar, skal prosjektet undersøkja om opplæring av lærarane fører til at lærarane brukar PF i skolen på en måte som kjem elevane til gode.

Psykologisk førstehjelp er eit materiale som kan bidra til at elevar lærer kva som skjer når kjensler og negative tankar vert sterke og vanskelege å handtera. PF kan hjelpa elevar å identifisera situasjonar der dei ikkje tenkjer og handlar hensiktsmessig, og gje tips til korleis ein kan koma inn i meir konstruktive tanke- og handlingsmønster.

Psykologisk førstehjelp er utvikla som eit skrin, som inneheld to figurar, Rød og Grøn, ei samling ark med «hjelpehender» og eit hefte som forklarar grunnprinsippa i den kognitive modellen ved hjelp av enkle tekstar og teikningar. PF finns i to versjonar; ein barneversjon for aldersgruppa 8 – 12 år, og ein ungdomsversjon for aldersgruppa 12 – 18 år.

Psykisk helse som tema i skulen - Bjørg.JPG

Bjørg Skahjem, lærar ved Flåm barneskule, har delteke på kurs i Psykologisk førstehjelp med fagnettverket. Ho er begeistra for materialet, som ho har brukt med sine elevar. Her viser ho fram ei forstørra hjelpehand som ho har laga, og som heng på oppslagstavla i klasserommet. Saman med elevane fyller ho ut hjelpehanda i aktuelle situasjonar i kvardagen.