Statsråd Jon-Ivar Nygård kjem til Lærdal for å få informasjon om konsekvensane av stengingsalternativa for Lærdalstunnelen.
Statsråden startar dagen i Vik og køyrer over Vikafjellet til Aurland. Under bussturen og synfaring i Lærdalstunnelen orienterer Statens vegvesen om planar og alternativa. På møte på Håbakken deltek fleire verksemder og organisasjonar for å belyse lokale, regionale og nasjonale konsekvensar av tunnelstenginga. Dei som kjem er Statsforvaltaren, Helse Førde, Kaupanger næringssamskipnad, Sogn frukt og grønt, Aurland næringsråd, Visit Sognefjord, Hydro, Voss herad, politet og Lastebilforbundet.
Møtestad: Håbakken
Tidspunkt: kl 1345-1525
Arrangør av møtet er Aurland kommune, Lærdal kommune og Sogn regionråd.