Tre studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane har skrive bacheloroppgåve om heilårs reiseliv. Dei har innhenta informasjon frå turistar og bedrifter gjennom intervju/spørjeskjema og frå statistikk og trendanalysar. Arbeidet til studentane inngår i analysen som Segel AS lagar på oppdrag frå Sogn regionråd.
Sara Bühler, Marianna Løvlid og Marthe Grande har henta inn informasjon til produkt- og marknadsanalysen for heilårs reiseliv
Sogn regionråd samarbeider med Visit Sognefjord om produkt- og marknadsanalysen for heilårs reiseliv. Analysen kan Visit Sognefjord og reiselivsaktørane bruka i produktutvikling og marknadskommunikasjon.
Synnøve Aabrekk, Segel, presenterte funna frå undersøkingane i regionrådsmøtet 7. mai, sjå presentasjon
Analysen frå Segel vil bli ferdigstilt i slutten av mai og vil bli lagt fram i neste regionrådsmøte.